mandag 31. august 2020

Stillt og varmt. Ikkje eit einaste oliven- eller fikenblad i rørsle. Oliventre-krunene står rake mot ein skyfri himmel, iallfall dei som ikkje er tyngde av frukt. Innhausting tek til i november. Småfuglane har gått til ro. Endog ugla held stilt. Godt teikn? Eg veit ikkje, det motsette varslar død, seiest det. Nabohønene har vagla seg forlengst. Duene har teke pause i kurringa. Dei held det gåande heile dagen og er temmeleg irriterande. Berre flaggermusa er i farta, flaksar rundt og rundt kring utelampen. Fullmånen har stege opp over hustaka. Eg mimrar om andre vakre og romantiske måneskinskveldar, eg har opplevd her.

Ein årvaken, kjælen katt, held meg med selskap.Også  myggen tek til å bli nærgående. Krydderduftene frå viltveksande krydderurter er bedøvande og somndyssande...

 

 Πανσέληνου/panselino = fullmåne

 

Ingen kommentarer: