torsdag 10. september 2020

ENGLAR PÅ JORD

 

Finnst dei? Åja, absolutt!! Eg veit om eit par, med nokre trufaste hjelparar som står på mest heile døgnet. Nikos og Katerina/Home for all på Lesvos. Kokar, bakar og leverar gratis mat til trengande i Moria-leiren. Katastrofen siste døgna var eit ventande skrekkscenario. Berre eit tidspunkt når det ville skje. Når folk vert innesperra i lang tid, vert dei desperate. Det er menneskeleg. Gresk politi er steinharde. Men kva skal dei gjere? Europa er likgyldig og vender ryggen til. Hellas har streva med flyktningestraumen i årevis. Det nådde eit punkt, der tolmodet sprakk. Å nemne den norske noverande regjering er vekkasta energi. Den har vist sitt soleklare nedrige menneskesyn både heime og ute, lenge. Skjønt no skal 50 – femti «heldige» menneske få kome inn i varmen. Ikkje verst. Uthaldande hjelparar gjer so godt dei kan med fåe midlar. Eldsjeler og englar på jord. Kvifor nokon flyktar frå landet sitt, har også ei årsak. Dei fleste av oss kjenner til den. Det er snakk om menneske i naud her. Små, uskuldige born, ofte foreldrelause. Skal dei ikkje få ein sjanse til ei framtid?

 

 Άγγελοι / aggeli = englar 





Ingen kommentarer: