

Rart og stilt i ein elles travel by i turist-høgsesongen. Fåe utanlandske å sjå. Mest tyske og nokre hollandske. Korleis har dei komt seg ut, forresten? Tome tavernaer, barar og turistbutikkar. Eg sansar ein apati blant folk eg ikkje har sett før. Motløysa er godt synleg. Entusiasmen og gløden eg kjenner til, er borte. Veldig trist. Ikkje mykje blir sagt. Kva skal dei seie? Det vert tøft framover for dei fleste. Eg passar på å handle lokalt. Lidl og dei store kjedene styrer eg langt unna. Innimellom tek eg ein taxi. Dei skal også overleve! Leigebil har eg droppa. Treng ikkje skyss so ofte. Marknaden bugnar enno av rimelige, flotte og fyrsteklasses råvarer. Ei sann glede for sansane. Bøndene klarar seg bra. Dei nyt jorda si gavmilde grøde, og svelt ikkje ihel. Folk støttar og hjelper kvarandre etter beste evne. Godt å sjå og ta lærdom av…
Μια βολτα/mia volta = ein tur
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar