søndag 23. august 2020

EIN KVELD

Månen er ny. Ein sylkvass sigd. Smul, lunken vind sveiper over landsbyen. Mild nok til å svale ned ein varm kropp til natta. Mørkret sig på. Himmelen skiftar farge frå gul, oransje, rosa, fiolett som går over i mørk blått og svart. Stjernene kjem fram. Karlsvogna er klar og nær, kan mest hale den inntil meg, hoppe oppi og ta ei himmelreis. Kvelden og natta senkar seg over landsbyen. Det luktar urter og grill. Menneska som har kosa seg ute, trekkjer inn. Ro og stille etter kvart. Her er det trygt og og godt å vere, likevel drøymer eg om nye vakre stadar og alle interessanne menneska eg enno ikkje har møtt. Men eg rekk ikkje over alt i dette liv, so det forblir med draumane…

 Ενα βραδυ/ena vradi = ein kveld



Ingen kommentarer: