søndag 16. august 2020

MOT SØR


 Eg pakka sekken og gav meg landevegen i vold, mot sør, ved soloppgang. Ville ha ein reprise frå 70-talet, då eg reika rundt med gode vener, men også åleine. Eg gjorde det same på 60-årsdagen min. Ville vere åleine på ei aude strand. Då køyrde eg bil. No kom det faktisk ein buss, stoppa, og eg hoppa på. Langt å gå, tross alt. Den skulle dit eg skulle. Vel framme i fiskarlandsbyen, gjekk eg på leit etter husrom for 2-3 netter. Ikkje vanskeleg å finne noko ledig i desse tider. Utfordringa med å reise åleine er at eg har berre meg sjølv å stole på, likevel gir deg meg ei fantastisk fridomskjensle. Eg veit eg har både ein og to englar på skuldra som vaktar og fylgjer meg. Dessutan har eg opparbeidd ein bra intuisjon. Eg kjende meg trygg. Spennande er det også å treffe nye menneske og  møte nye opplevingar med eit ope sinn. Ein veks på det. Sør-Kreta er annleis enn nordsida. Ein del varmare, svært vindfullt, men for ein fantastisk klar og forfriskande sjø. Kaldare, merkeleg nok, sidan ein er nærmare Afrika. Venlege og imøtekomande menneske overalt. Eg kjende det varma langt inn sjela. Heldige meg som kan oppleve                                                                                     alt dette. Rart eg elskar dette landet?

 Νότια/notia = sør

Ingen kommentarer: