Utruleg at
eg enno har goder i dette landet. Eg er polytekni, dvs. fleirbarnsmor. (minimum
4 born). Ei livslang trygd blei i si tid tilkjend fleirbarnsmødre. Slutt på det
no. Likevel kan eg reise for ½ pris på buss og båt enno. Det gjekk mange år før
eg blei godkjend. Eg var utanlandsk. Far kan ikkje få. Omsider gjekk saka
igjennom og pengane kom, ikkje rare summen, men likevel. Etterbetaling kom også, med postbodet. Han
steppa inn på gårdsplassen, rund og blid. Han gjekk sjeldan utav bilen, hivde
all post innom porten, som oftast. Denne dagen kom han med ein bunke sedlar i
handa, sette seg ned, sleika på fingrane og tok til å telje opp drakmesedlane.
Han sat ei lita stund, eg takka etter beste evne, og skjøna ikkje heilt kvifor
han var sur då han gjekk. Gemalen kom heim og lurte på kva eg hadde gitt han.
Skulle eg ha gitt han noko då? Åja sjølvsagt, burde ha gitt han ein raki eller ein kaffi.
Eller trur du eg drog han oppi køya?
Nei,nei, pengar. Pengar?? Han kom med pengar slik jobben hans tilseier.
Forventa han tips, also? Ja, vanleg det her. Men kor i all verda kunne eg vite
det? Ingen har fortalt meg om slike skikkar. Ikkje rart han var sur…men so
lærte eg det også. Han fekk sin skjerv i ettertid. Uskrivne "lover" i alle land. Hadde eg tilbydt postmannen
heime, pengar, hadde han heilt sikkert trudd eg hadde skumle hensikter.
Πολυτεκνοι/polytekni = fleirbornsfamilie
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar