onsdag 15. juli 2020


So har eg bada på same plassen og i same vatnet, der Afrodite kom utav havskummet, frakta i land på bølgene i eit stort kamskjelskal, berre iført sitt lange vakre hår sveipt kring sin nakne plettfrie lekam, og blei soleis eit evig symbol på venleik og kjærleik. No steig ikkje eg i land etter symjeturen på same vis. Det gjorde eg ikkje, nei. Men som nemnt: eg har bada der, also!  Ingen fortalde meg forut at 3 symjeturar kring Afroditeklippa ville gjere ein evig ung og vakker. Afrodite likte å bade og søkte til ein bortgøymd kulp inni skogen. Novel, ein bør nok vere audmjuk og godta både trynet og alderen slik Vårherre har bestemt. Afrodite er også kjend som Venus frå den italienske Romartida. Kroppsdelen Venusberget er opprinneleg oppkalla etter Afroditeklippa, seiest det. Iallfall er myten om Afrodite ein av dei vakraste og mest intressanne i den greske mytologien. Les!

Αφρός/ afrós = skum

Ingen kommentarer: