fredag 10. april 2020

PÅSKETANKAR


Treng ein å ha ei tru? I tunge tider, særleg, søkjer mennesket ofte noko større som kan gi ein trøyst og von. Slik er vi skapte.
Eg har surfa innom fleire religionar, det interesserar meg, også alternative ideologiar. Ingen stad har eg hittil funne det eg søkjer. Eg veit vel knapt nok sjølv kva det er. Ynskjer berre harmoni og indre fred. Det seiest at ein må TRU, men også, leit og du skal finne. Eg vil også vite. Forventar eg for mykje? So mange spørsmål som ingen kan besvare. Vi er fødde inn i denne verda i ulike land, med ymse religionar som pregar oss, som det vert forventa at ein skal leve etter, og tru på. Alle meinar dei har den rette trua. Svært forvirrande for ein søkjar. Eg har stor respekt for dei som lever etter det dei trur på. Ikkje alle gjer det, men påstår at dei trur og lever etter den rette læra. Falske disiplar finnst overalt. Barnetrua set djupt i meg. Slik all barnelærdom gjer. Likefullt er eg svært usamd i mykje her, og trur meir på gode gjerningar enn fagre ord. Kreta sin store forfattar Nikos Kazantzakis sa det so enkelt: -Eg trur ingenting, eg forventar ingenting, eg er fri!!

Δεν ελπιζω τιποτα. Δεν φοβαμε τιποτα. Ειμαι λεφτερος/ Den elpiso tipota. Den fovame tipota. Eime lefteros.


Ingen kommentarer: