fredag 24. juli 2020

NATT OG DAG

Attende i residensen måtte eit krafttak til før eg kunne nyte tilværet. Ei heil masse ulike krypdyr hadde flytta inn. Fyrst kverka eg 2 skorpionar, dernest kosta eg ut daude skrukketroll, fluger, tusenbein, stinkdyr osb. So tok vaskinga til…deretter gjorde eg natt til dag.
At juli/august er værste varmetida her, visste eg vel. Solhungeren fekk likevel overtaket denne gongen, samt lengten etter barnebarnet og døtrene mine. Eg trossa både Corona og skyhøge teperaturar. Med høgt blodtrykk sløvar eg gjennom dagen. Skalkar alle luker og går i dvalemodus. Ved solnedgang livnar eg litt til og tek fatt på nokre dagsoppgåver. Ikkje at dei er so mange når eg er åleine, men litt husarbeid finnst alltid. Om du vil besøke meg bør du helst kome på natta. Insektsnett er montert. Opnar eg opp om dagen skal kveps (kveks er visst rett nynorsk, men aldri høyrt nokon seie det) og fluger på liv og død inn. Dei går rett på glasruta og skal ut att. Kvepsen er ram etter kjøt. Her i heimen går det mest i plantebasert mat når mor kokkelerar, som ho ofte gjer. Fluga går på alt. Å få utyet ut i det fri er ein kamp. Kreka skjønar ikkje sitt eige beste. Å kverke dei i glasruta vert for mykje klin. Eg orkar ikkje vaske ruter i «200» varme grader. Ein aldrande skrott frå Nordpolen  bør takast hensyn til. På kvelden kjem myggen. Lurer seg inn frå eg veit ikkje kvar. Men den summar kring min svette, nakne lekam, når eg prøver å sove litt utpå morgonkvisten. Eg slær i blinde. Om eg set på lyset er den vekk. Innimellom får eg fulltreff likevel. Ser du blodflekkar på min kvitkalka vegg er det, ja, mitt blod, utsoge av ein hungrig mygg som måtte lide «martyrdauden» oppetter veggen. Balkongdøra er vidopen, med nett. Eg fryktar ikkje at nokon er freista til å legge seg attåt ei gammal trollkjerring. Ei heller finnst her noko av verdi å knabbe med seg her i huset. Heldigvis. Elles har eg det bra, 
ja heilt flott, eigentleg.


ΝΥΧΤΑ ΚΑΙ ΜΕΡΑ/nikta kai mera = natt og dag

Ingen kommentarer: