……ja fleire
gongar, men det er «100» år sidan sist. Knapt so ein huskar korleis det var.
Mykje ekstase, slitande, ukonsentrert og ofte enda det i nedturar og hjartesorg. Forelsking
pleier ikkje vare lenge, høyrer ungdomen til. Eller?
Ein tenkjer
annleis med åra. Vert kresen. Kunne kanskje ha tenkt seg, men nei betre å late
vere..mangt og mange å ta hensyn til. Problem og konflikter har eg hatt meir
enn nok av. Nokre prøvde eige og manipulere meg. Ein angstfyllt panikk seig
sakte innover meg. Heldt på å knekke meg. Eg vakna i tide. Eg var van til og
ville styre livet mitt sjølv. Kjærleik gjer blind, seiest det, og det er sant. Nei,
ingen eig meg!! Ingen eig eit anna menneske. Vi eig heller ikkje borna våre.
Dei er til låns ei periode, «gåver» som
er tildelt oss, som vi skal lære til å bli gode menneske og føre vidare
universelle verdiar for ei betre verd. Vi gir og vi gir, utan å krevje og eige.
Vi har stor glede av det. Kallast uforplikta kjærleik. Ingen av mine
«gamlekjærestar» har eg ynskt å møte att. Berre ein..
Μόνο ένας/mono enas = berre ein
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar