
Nærmaste
handlestad ligg ca 2-3 km frå bustaden. Eg tok føtene fatt i 7.30-tida, før
sola brann meg opp og trudde dei opna kl 08. Vegen eg gjekk var sterkt
trafikkert, også ein søndagsmorgon. Folk glante og susa forbi og tenkte
sikkert: - Akkk, endå ein av desse tullete turistane som GÅR. At dei gidd!! Eit
par mannfolk tuta og slakka ned farta. Sidan eg verken kjendte fyrane eller bilen,
viste eg fram mitt suraste åsyn. Dei tok teiknet, flira og gav full gass. Eg
stod nok ikkje til forventningane. Ingenting å hente her, nei. Ikkje berre å
kome her og kome her, næmleg, tenkte eg i mitt stille sinn!! Elles
mykje søppel langs vegen, også kring containarane. Vanskeleg å treffe når ein
susar forbi i 100km/t., soklart. At folk aldri kan forstå og lære!! I butikken spurde eg om opningstidene. 06 –
23, alle dagar, var svaret. BRAVO! Tilbake valde eg ein annan rolegare og
bilfri veg. Fuglekvitter, sauer, bjelleklang og fargerike blomar innimellom
brun utturka vegetasjon. Det er enden av juli, ikkje mai/juni, når alt er
frodigt. Elles har lokalbefolkninga ynskt meg velkoma med opne armar, breie
smil, kyss og klem som vanleg. Corona? Stort tull, seier dei, noko stormaktene
har funne på for å få kontroll på folk. Berre ein helste med albogen,
men so er han hovmeister på eit av dei største hotella i byen, og må syne
varsemd. Denne gongen har eg ikkje leigd bil, brukar føtene, det trengst, eller
får sete på med einkvan. Vil heller bruke pengane mine lokalt. Trengst sårt,
men ingen syter, dei er for stolte til det.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar