tirsdag 7. april 2020

GOD PÅSKE!!


Dagen idag er litt kjøligare enn gårsdagen, då termometeret bikka 16-17 +grader. Litt småregn, men mildt og fint. Dompapparet frå ifjor er attende. Hannen er vakker raudkledt, hoa i brunt, litt meir kamuflasjeaktig. Trur dei byggjer reir på same plassen. Andre småfuglar flyg flørtande mellom trea. (akk, den som var ung, igjen) Katten myser, har lyst på fuglekjøt, men nei, dei smett for fort mellom greinene. Må nok trøyste seg med tørrfòr frå matmor enno framover. Lyse morgonar og kveldar. Godt!! Ei vakker tid her heime. Klokka 05 eller før er eg oppe etter ein kort nattesomn. Gamlingar treng ikkje so mykje somn, seiest det. Snart skal vi sove leeenge, uansett, so vi har lita tid som bør nyttast. God påske, i Hellas er påska raud, ikkje gul som her og dei helser kvarandre:

 ΚΑΛΗ ΑΝΑΣΤΑΣΗ/kali anastasi = god oppstandelse

Ingen kommentarer: