mandag 23. mars 2020

DVALEN

Eg har delvis vakna or dvalen. Sakte men sikkert. Strekkjer på stive og støle lemar. Kjenner knoklane knirkar og knakar. Vil nok ta tid å få igong maskineriet etter månadsvis med dårleg vedlikehald. Ein rusten bilmotor hadde nok vore lettare å starte. Eg har slete meg gjennom mørke somnlause netter og morgonar i påvente av lys. Vinteren, som eigentleg ikkje var skikkeleg vinter, men blåstrig, kald og regnfull, er vonleg over for denne gongen. Kvart år tærer denne delen av året meir og meir på ein aldrande skrott. Noko som er alt anna enn godt. Sterkt motlys møter meg idet eg opnar døra. Eg vert reint blenda ei lita stund. Det må vere sola. Eg hadde nesten gløymt kor sterkt vårsolstrålane kunne skine. Men godt å tenkje på at no kjem lyse morgonar, fuglekvitter, knoppesprett og alt som høyrer denne vakre årstida årstida til. Gløymd er november, desember og januar. Mange månadar før solsnu. Ein gler seg i nuet, og slik skal det vere, for ingen veit når det vert borte. Eg gler meg til turane eg skal ta framover. Planlegg og småpakkar. Men akk, vent no litt, dette stygge viruset har stengt alle grenser. Hverken eg eller andre kjem oss nokon veg. Kven hadde trudd sommaren skulle bli slik? Uansett, Norge er eit vakkert land på mange vis, også å feriere i. Heime. Vi må vere takksame for det og vone på betre tider....

Καλυτερες μερες/kaliteres meres = bedre dagar