tirsdag 3. mars 2020

LESVOS IGJEN



Kvifor skriv eg om elendigheita på Lesvos nok ein gong, når so mange millionar rundt om i verda svelt og lid naud? Jau, fordi Hellas ligg mitt hjarte nær, og Lesvos fekk eg eit nært forhold til under besøket mitt sist haust. Då var situasjonen ein heilt annan. Fred og harmoni herska på øya. Brått endra alt seg til ei total katastrofe. Når menneska vert desperate av svolt og og kulde tyr dei diverre til kriminelle handlingar. Eg kan skjøne lokalbefolkninga som har vore tolsame og fått lovnad på lovnad om stønad og hjelp frå den greske regjering og EU. Sviket er totalt. Dei måtte ta saka i eigne hender, diverre, og det er både uendeleg trist og vondt å lese og høyre om. Likefullt bør ein vere kritisk til media. Ikkje alt som vert oss fortalt er sant. Husk dei skal selge og hausar opp skandaler og katastrofer. Dersom Hellas har hatt eit agg mot
Tyrkia før, har det iallfall ikkje minka no. Frykteleg vondt for to nære naboar. Styresmaktene i begge land har stor skuld, og ikkje minst stormaktene som spelar eit skite spel om makt og pengar der uskuldige og fredsommelege sivile vert offer. Men det bør heller ikkje gløymast at både nordmenn og grekarar har vore flyktningar, m.a. under siste verdskrig. Men kva gjorde grekarane etter krigen? Jau, dei reiste til Tyskland for å reise oppatt fienden sitt land. Forstå det den som kan. DET gjorde nordmenn ikkje. Dei reiste oppatt sitt eige land. Tøft nok. Her vaks ikkje frukt på trea heile året, som i varmare strøk. Men det finnst enno grekarar i kretiske fjellandsbyar som ikkje toler synet av tyskerar. Det har blitt sagt at dei kjem attende, men då med pengar. Det har vi sett. Tyskland satsar på å kjøpe opp mest heile Hellas.
Grekarane er eit gjestmildt, gavmildt og sosialt folkeslag,
dei har vorte sterkt utnytta for det.

ΚΑΤΑΣΤΡΟΦΗ/ katastrofi = katastrofe


Ingen kommentarer: