onsdag 26. februar 2020

GLØYMER IKKJE



....vekesopphaldet mitt sist haust på Lesvos. Både greske og norske vener og bekjente åtvara meg mot å reise dit. Masse kriminelle flyktningar, uro og utrygt, blei sagt. Eg reiste likevel. Ville sjå og oppleve om dette var sant. DET var det ikkje. Eg vart overvelda. Gjestmilde, blide og imøtekomande menneske overalt. Grekerane er generelt eit godlynt folkeslag. Eg budde nær Plomari ein drøy times
køyring til Moria. I samtalar med lokalbefolkninga kom det fram at dei var både leie og frustrerte over massemedia som mest hadde øydelagt levebrødet deira. Turismen. Skandaleoppslaga og fokus på Moria-leiren gjorde at turismen fall 70%.
-Vi kunne ikkje gjere anna enn å hjelpe desse stakkars livredde menneska, og so skal vi bli straffa for det!! Eg besøkte eit ektepar som hadde gjort tavernaen sin om til «Home for all». Her blei mat laga gratis og levert til Moria-leiren. Dei arrangerte også div. aktivitetar saman med fleire frivillige som hadde komt til frå mest heile verda for å hjelpe. Fantastisk. Vidare tok eg turen til Moria-leiren, men kom ikkje inn, noko eg visste. Strengt vakthald. Eg tok nokre bilder utanfor. Vel heimkomen skreiv eg ei reportasje som eg baud fram til 3 aviser, sikker på at dette var aktuelt stoff. Alle avslo. Flesteparten av tidlegare reportasjer eg har skrive har eg fått selt. No er det katastrofe og skandalesaker som sel. Langt mellom gladnyhenda. Unntaket er sport. Mi reportasje var positivt fokusert på øya, som eg anser som eit heilt trygt feriemål. Skjønt siste tida har det eskalert. I Moria-leiren bur no 20.000 menneske, kvinner, menn og born, i ein gamal militærleir berekna på 3000 soldatar. Det er utruleg trist og sjølvsagt ei stor liding og frustre for dei som må opphalde seg der og ikkje kjem lenger. Eit storpolitisk maktspel der uskuldig menneske er den tapande part. Mi von er likevel at det ikkje går utover turismen til Lesvos, også kalla Smaragdøya, Lespeøya og Mytilini. Eg anbefalar øya, den er enno trygg. (det greske politi har teke jerngrep).


Δεν ζεχνω/den seknå = eg gløymer ikkje






Ingen kommentarer: