torsdag 23. januar 2020




I desse mørke, våte, stormfulle januardagane drøymer eg meg attende til den tida eg reika ikring i Sør-europa med gode vener. Vi låg i sovepose på på strender rundt omkring. Vakna med sand i håret til ei gylden morgonsol som steig or havet i aust og tok deretter dagen etterkvart som den kom.
Ei fri og sorglaus tid. Mykje lått og moro. Enno reiser eg gjerne med enkel ryggsekkpakning. Klarer meg lenge med shorts, t-skjorter og tannbørste. Men eg må ha ei seng å sove i for den stive kroppen min. Eg har aldri vore noko luksusdyr, aldri higa etter det heller. Eg er glad for det. Å leve på grasrota og kjenne det ekte livet som folk flest lever rundt omkring i denne verda, appelerar til meg. Her er mykje visdom å hente om ein er nyfiken og open for andre levesett og skikkar.

ΜΙΑ ΦΟΡΑ/mia fora = ein gong

Ingen kommentarer: