«meine
Oma ist ne alte Umweltsau»,
bestemor er et gammelt miljøsvin (bokstavelig oversatt
«miljøpurke»).
Denne
setninga har eg saksa frå Aftenposten. Opprinneleg tysk. Eg reagerar
som mange tyskarar: trist og urettvist å lese og høyre born synge
slik. At Greta Thunberg applauderar songen seier ein del om henne, eller rettare dei som står bak.
Sjølv
tenkjer eg attende på nokre gamle juleminner idet vi flerrar
julepapir og sløyfer av gåvene julekvelden. Den gongen bretta vi
fint saman og tok vare på dei finaste papira og sløyfene til
seinare bruk. På nyåret vart skulebøkene fornya med vakre omslag,
for dei var til låns og måtte ha «bend» utanpå, for å unngå
slitasje. Kjøkenskap og -hyller likeså. Idag vert alt knurva og må
sorterast i eigne dunkar. Det kan knapt nok brennast. Dernest tok
vi vare på julematen. Ribbekrafta blei til god ballesåd, lapskaus
osb. Kjøtet for fort. Kakene heldt litt lenger. Juletreet fekk stå
ei stund utpå nyåret, før det vart kappa til brensel. Julepynten
vart pakka varsamt nedatt til neste jul. Vi tok vare på miljøet
utan å vite at det skulle bli ein trend om nokre år. Slik var vi
opplærde. Og mykje meir kunne vore nemt som vi ivaretok, derfor bør
fleire av dagens unge ta ein prat med oss som vaks opp for 50-60 år
sidan og ikkje berre hetse oss som miljøsvin...
Η
υιαυια ειναι.../I jaja einai.. bestemor
er....
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar