lørdag 25. januar 2020

EI ENKEL SETNING

...kan gjere ein stor forskjell...
I Rethymnon fantest ein liten butikk som selde olje, krydder, vin m.m. Innehavaren kjendte eg frå før. Ein alltid blid, positiv og utadvendt person. Kvar gong, ikkje so ofte som eg ville, var innom og handla, skrudde han ned prisen og nekta plent å ta imot meir. Eg protesterte alltid: -korleis kan du drive business slik? Han berre flirte og sa kvar gong: -you made my day! Eg? Korleis? Berre ved å vere meg, liksom? Butikken i Rethymnon er no seld. Eigar reiste attende over Atlanteren til born og borneborn. Setninga hans har eg adoptert og brukar den ved gode treff og samtalar.
Forrige kvelden fekk eg ein telefon frå ein ung bekjent. Namnet er uvesentleg, han vil skjøne om han les dette. Vi hadde ein givande og kjekk samtale som iallfall «made my day». Det gjorde også ein annan som stod meg nær ein gong, som eg har sletta som FB-ven av ulike grunnar.
Innimellom får eg mange gladmeldingar som har «made my day».Slik kan ei enkel setning som « you made my day» lyse opp i kvardagen. So kan ein spinne vidare på kva som kan gjere dagen god. Ein trufast hund, ein kosete pus, eller ei vakker syns- eller smaksoppleving. 
Det skal so lite til, men gjer so mykje...

Mια πρόταση/mia protasi = ei setning




Ingen kommentarer: