tirsdag 31. desember 2019

ÅRSERINDRING


Eit innhaldsrikt år er snart omme. Fleire reiser, møte med nye menneske og andre som eg ikkje hadde sett på lenge. Tur til Kypros for fyrste gong. Dernest Kreta i eit storslått selskap m.a. Lesvos var også nytt, ukjendt og spanande. Ei flott øy og eit absolutt trygt reisemål. Syskjenbarn-treff på morsida ved Bergen. Ei særs triveleg helg. 50-års konfirmantjubileet var ei fantastisk kjekk helg. Årets største oppleving var likevel mitt fyrste barnebarn som kom i desember. Ei gåve!!
For nyåret har eg nokre vage planar. Eg skjønar at pennen må kvessast skarpare og nyttast oftare. Det vert opp til meg. Dagane og dei blanke arka ligg blendande kvite og ventar.. Godt nytt, fredsamt og helserikt år 2020 til dykk alle og takk for det gamle.

Καλι χρονια σε ολους / kali kronia se olous = godt nytt år til alle

Ingen kommentarer: