onsdag 18. desember 2019

FANTASTISK OPPLEVING



Det har hendt noko fantastisk. Noko som aldri har skjedd meg før. Ei livsoppleving!!
Eg har blitt bestemor. Mormor til ein liten gut. Og han er sjølvsagt verdens vakraste.
Aggelos (engel) er namnet. Perfekt. Når han gret, innimellom, ikkje ofte, so kjenner eg ammenerven vibrere. Men eg kan ikkje lenger stette svolten til ein liten baby. Den tid er forbi. Ei tid er det for alt. Eg kan bysse, nynne og halde veslebarnet nært inntil meg som ei trøyst, og prøve stagge gråten.
Voven vil også «hjelpe» til. Han kikar undrande på dette nye vesle vesenet som har komt i hus. Han får likevel ikkje lov til å kome nær. Men han fylgjer nøye med. Høyrer han gråt, legg han hovudet på skakke, spissar øyrene og lyttar. Klynkar og pip om vi ikkje reagerar. Han ville sikkert ha sleika og trøysta på sitt vis. Nei, dyra er ikkje dumme.
Ein ny kvardag med eit gedigent ansvar, har teke til for dei unge. Mormor vil ikkje blande seg for mykje inn. Tida er annleis og det nyttar ikkje kome med gamaldagse råd og eigne røynsler. So lukke til i verda Aggelo vår, måtte din livsveg bli god og innhaldsrik..

Eιμαι υιαυια τωρα/eime jaja tåra = eg er bestemor no


Ingen kommentarer: