Jula er i kjømda og
advent er ventetida. Ein rotar i skuffer og skap etter lilla dukar,
lys og alt lilla som brukast kan, i adventstida, for den er lilla på
farge. Kven som no har bestemt det! Ein går ut i vår vakre frosne
natur og plukkar konglar, visne nyper, mose og turre greiner som kan
formast til lekre dekorasjonar kring dei 4 lysa. Kaffi og kake står
klart på bordet 1. søndagen i advent. Familien set samla i
andaktsfyllt stemning, idet fyrste lyset vert tent. Den gamle kaminen
durar trygt og spreier lun varme i stova. Familien er klare for ein
godbit til kaffiskvetten. Då tek noko til å skje. Det livnar i
lundar, nei eg meinar mosen. Flittige maurar, kryp fram or myrmosen,
arbeidsklare, for no er det vår, trur dei. Fleire andre ukjende
underlege kryp dukkar også opp. Skrekkslagne dreg vi kakefatet til
oss, og eit par som ikkje toler synet av slike kryp, hyler i redsle.
Her må det takast grep. Fort. Må seie at adventsstasen fauk
lynraskt ut gjennom dørene. Den andektige stemninga løyste seg
heldigvis opp frå skrekk og gru til ein herleg lått.
Konklusjon: Drag ikkje
naturen innandørs, den er meint å vere ute!
Περιμένουμε/perimenoume
= vi ventar
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar