November er ein laaaang månad. Kald og mørk. Trea er svarte og bladlause. Naturen har gått inn i dvalemodus. Eg ventar på solsnu 21. desember. Ja, eg tel faktisk dagane. I år går november ekstra seint. Familien ventar på ei stor hending. Eg kjem attende til det. Novemberdagane har likevel hittil vore solrike og fine, men kulden taklar eg meir og meir dårleg med åra. Heldigvis har eg eit varmt hus og mykje fyringsved. Takk Niko! Eigentleg bør eg ikkje mæle eit klagande ord. Basisbehova mine er dekte. God november.
ΚΑΛΟ
ΝΟΕΜΒΡΙΟΣ/kalo noemvrios = god november
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar