lørdag 12. oktober 2019

VANSKELEG SKRIVING


Å skrive er neimen ikkje enkelt. Tankane og notata flyt lett. Når ein skal formulere alt til gode lesbare setningar, startar vanskane. Ein vrir, vender, snur og slettar ord. Vert aldri nøgd. Gjentaking av ord bør ein unngå. Skriving er ein kunst som fåe beherskar. Skriv ein dessutan nynorsk, som mange diverre ikkje godtek, er ein inne på eit smalt spor. Siste dagane har eg jobba med ei reportasje frå Lesvos. Det vart tyngre enn eg trudde.
Mykje kan seiast og meinast om båtflyktningane. Ein ting er iallfall sikkert: ein hverken slær eller trakkar på eit medmenneske som ligg nede og strekkjer ut ei hand i si naud, ikkje eingong ein uven. Dette er ein universal regel.

Δυσκολα γραφετε/diskola grafete = vanskeleg å skrive

Ingen kommentarer: