onsdag 14. august 2019

FLYTANDE LUKSUS


Dei sig snikande inn fjorden, forbi kjøkenglaset mitt, seine kvelds- og nattestider. Ein eim av røyk ligg etter mange, ikkje alle. Flotte, vakre skip. Javisst! Eit syn å sjå, og flott at menneske frå heile verda vil sjå vår unike natur. Det er dei vel unt. 
Vi skal dele våre «goder», som det heiter.
Er eg misunneleg? Kanskje litt. Uansett hadde eg følt meg ukvem i slik luksus, ja for eg reknar med at det må vere ein viss luksus ombord. Men kanskje desse passasjerane har spart i årevis for ein slik tur. Vanlege menneske som meg og deg. Kvifor skal dei ikkje nyte livet og kanskje gjere det beste utav resten av levedagane? Kva veit eg? Eg har ingen rett til å døme. Tenkjer berre at mange, veldig mange medmenneske kan ikkje eingong drøyme om ein slik cruisetur. Verda er delt mellom dårlegstilte og betrestilte menneske. Å spekulere i årsak vil eg ikkje gjere her.

Κρουαζιέρα/krousiera = cruisereise

Ingen kommentarer: