søndag 26. mai 2019

LESVOS


I kveld skulle eg ha vore på Lesvos og kika på halvmånen som skein skeivt nedover øya, som også blei kalla lespeøya. Slik blei det ikkje. Eg hadde sett fram til denne turen, ikkje for å søkje lespeselskap, men for å oppleve flyktningproblematikken på nært hald. Frå greske informantar blei eg sterkt frårådd å reise dit åleine. Eg ser meg sjølv som uredd, slik eg var i ungdomen då eg reiste rundt i Hellas og Europa forøvrig, om enn ikkje alltid åleine. Denne gongen blei turen avlyst, også av helsegrunnar. Lite har blitt skrive i norske media om kriminaliteten som florerar av desperate flyktningar. Der finnst eldsjeler som gjer ein kjempejobb og hjelper https://homeforall.eu/about-us/ , medan andre fastbuande er livredde og torer knapt bevege seg fritt på si eiga øy. Det er skammeleg at denne vesle øya skal takle flyktningestraumen frå Tyrkia. Dei fleste vert setande fast i det gamle militærfengslet Moria som hyser 5000, meir enn dobbelt så mange som det er konstruert for. 40% er born. (jfr. Aftenposten) Avtalen mellom EU og Tyrkia er grunnen. EU har sendt 6,4 milliardar som naudhjelp. Lite og ingenting har komt fram. Den greske regjering er under ettersyn for korrupsjon. Sjølvmord, voldtekt og trakassering både i og utanfor leiren, er vanleg, seiest det. -So kan dei dra seg heimatt der dei kom ifrå, meinar fleire. Til kva? Ruinerte heimar? Triste saker overalt. Også her i landet. Kven er desse som styrer, herjar og lagar strid mellom land og folk i verda? Er dei totalt blotta for samvet og godvilje for medmenneske, men berre veltar seg i eigen navlebeskuande luksus?

Προσφυγη/prosfigi = flyktning


Ingen kommentarer: