lørdag 25. mai 2019

SKATTESNYTANDE GREKARAR??



Utruleg trist og sårt å lese slike uvitande innlegg om grekarane som snytarar og bedragarar på m.a. skatt. VI som har budd/bur der VEIT kva som er sanning og ikkje. Om det ikkje var i EU si interesse hadde Hellas ei heller komt inn. Vi veit kva EU er ute etter. Landet er rikt på naturressursar, men diverre hatt svikande og korrupte leiarar i årevis, som no sel mest heile landet bit for bit. Dette ser vi diverre også teikn til i Norge. Kven, som skriv utvitande om greske tilstandar, har spurt den jamne arbeidar om arbeidstid, løn etc.? Nemner du milliardpakkane frå EU, ser dei på deg som om det er ein vits. Kva pengar? Dette har dei aldri høyrt om. Kvar gjekk so pengane? Tja det kan ein vel ikkje nemne utan bevis, men alle tenkjer sitt. For å bruke meg sjølv som eit døme, hadde far til borna mine 3-4 ymse jobbar den tida vi budde der. Sjølv var eg heimeverande med 4 småborn. Eg jobba frå heimen med husvask for ein turistvilla, norskundervisning for norsk/greske born, plakatteikning for ymse hotell, oversettelse for eigedomsfirma og reportasjeskriving for ei norsk lokalavis. I tillegg hadde vi ofte utanlandske gjestar til kaffi/kake og middag. Det gjekk i eitt. Heldigvis hadde eg Norge i ryggen, sjølv om eg som frivillig utflyttar ikkje hadde nokon rett i heimlandet. Berre stemmeretten! Eg tok med familien attende til moderlandet, og kjende meg brått priviligert og veit at eg er det. Men gjer vel, godtfolk, å vurder kva som er sanning og kva som er medieskapt om dette vakre landet, før de uttalar dykk.










Ingen kommentarer: