fredag 19. april 2019

DEN DELTE ØYA


Kypros er ei vakker og frodig øy som mest alle av Hellas sine tusenvis av øyar er. Skjønt Kypros er ikkje heilt gresk, den er delt med Tyrkia, og den greske delen er ein sjølvstendig kypriotisk stat. Dvs. 52% gresk, 37% er tyrkisk og 5% er under kontroll av UN. Men aldri såg eg fleire greske flagg vaie, dei kypriotiske var faktisk i mindretal. Dei fleste veit at Hellas og Tyrkia ikkje er bestevener. Utanpå synest alt fredeleg, men ein sansar ei ulming under overflata. Det er trist at eigedom og religion skal skape krig og ufred mellom to naboland. Ikkje langt ifrå Pyla, nær Larnaka, ligg grensa til den tyrkiske delen. Ein kan forsovidt passere mot streng kontroll og legitimasjon. Eit godt teikn. Her står også vepna vakter og ein kan tydeleg sjå forletne og forfalne hus som kypriotane måtte forlate under den tyrkiske okkupasjonen. Mest dagleg flyg militære helikopter rett over hovudet på oss for å kontrollere den skjøre freden. Infrastrukturen på øya er likevel god. Det synest på vegane, bustadane og nye investeringar i hotell og bustadar. Kypros har lenge vore kjend som eit skatteparadis. Russarar og kinesarar har forlengst oppdaga godene på øya og nøler ikkje med å investere. Bykvartalet her i Pyla er velstelt, og nye villaer kjem opp på rekordtid både til utleige og salg. Kypros er også kjent som Afrodites si øy.



Ingen kommentarer: