torsdag 4. april 2019

TING ORDNAR SEG


Dei fleste av oss opplever motgang i livet. Utfordringar som vi taklar sånn og slik etter beste evne. Dette veks vi på, og vi må ikkje gløyme at vi har medgang også. Stort sett går det bra.. «Ting ordnar seg på eit eller anna vis», har vorte mitt livsmotto. Eg har gitt det vidare til borna mine. Når det stormar som værst er det godt å ha gode vener. Eg kjenner meg heldig som har det. Vi kan dele sorger og gleder og ikkje minst «strople» ilag om mangt og mykje. Vi lær og gret alt ettersom. Gode vener er livsviktige for psykisk helse, sjølv om ein ikkje deler alt med alle. Dei næraste detaljane deler ein berre med dei aller nærmaste. For meg er alle mine vener viktige. Eg veit eg kan kontakte den eine eller andre når eg har noko på hjartet. Eg vonar og trur det er tovegs...for slik skal gode vener vere

'Ολα θα πανε καλα/ola tha pane kala = alt ordnar seg/går bra

Ingen kommentarer: