torsdag 21. mars 2019

DRAUMAR

Om eg skal flytte, og ofte vil eg det, veit eg kvar eg skal: Sør-Kreta, nær strand og sjø, der eg kan vakne og somne til bølgene sine rolige eller hissige skvulp. Fylgje sola sin oppgang og nedgang. Glane på stjernehimmelen om kvelden og fylgje månen i ny og ne. Eg vil kunne stupe i havet når eg vil. Huset skal vere lite og enkelt. 3-4 blå koppar og fat i skapet. Ei seng , ein dusj og WC. Eit kokeelement. Ein enkel kjøkenhage der 2-4 høner syrgjer for gjødsling og egg. Og ein puse som ruslar rundt, sjølvsagt. Lap-toppen må eg også ha med for å knote ned tankar og fabuleringar, og fylgje med litt i verda ikring. Jau, eremittlivet passar meg bra, og eg drøymer om det. Du må gjerne besøke meg, men ta med sovepose då, please.

Ονειρα/oneira = draumar 


Ingen kommentarer: