onsdag 13. mars 2019

SVIGERMOR MI


...var den einaste som tok imot meg med opne armar då det tok til å bli alvor mellom meg og den einaste sonen hennar. Andre såg det mest som ei skandale at ei «touristria» skulle kome inn i familien, og korleis kunne ho innrette seg eit kretisk landsbyliv? Dei måtte bite det i seg etterkvart. Ansienniteten min steig med åra. Svigermor og eg fann tonen, trass i litt språkvanskar fyrste åra. Ho hadde god humor, og vi diskuterte religiøse saker sovel som teite mannfolk.
  • Slik er dei no berre, meinte ho. Eg var sjølvsagt ikkje samd, men det var ikkje meir å diskutere.
  • -Det gjer ingenting. Alt går over, var andre vanlege uttalelsar. Det irriterte meg innimellom, fordi eg gjerne vil snakke om og analysere eit problem, men der stoppa det opp. Etterkvart har eg også lært å sjå problem frå ein annan vinkel. Motstand ein møter i livet er ikkje so viktig lenger. Svigermor mi lærte meg mykje om kretisk kokekunst, urtene som vaks villt ute i naturen, samt tradisjonar og skikkar. Ho betrudde meg løyndomar i livet sitt som aldri skal gå vidare. Svigermor mi levde eit tøft liv, men hadde humøret og slik vil eg huske henne. Signe minnet ditt, svigermor!!
         πεθερά/pefera = svigermor





Ingen kommentarer: