mandag 4. mars 2019

EG NEKTA


Då eg skulle gifte meg nekta eg å konvertere. Papa Kristos godtok det. Ein klok mann. Dessutan såg eg det heilt «unødig» å kysse ein prest på handa, samt alle ikonbileta i kirka. Eg tenkte også bakteriar/smitte. Gud er gud for oss alle, og eg respektar kvar einskild si tru, men vil velje sjølv kva eg skal tru på.
Dernest nekta eg å kalle svigermor mi for Mama. Eg hadde ei mamma, og ingen kan nokon gong erstatte henne. Det vart også forventa at eg skulle slakte smådyr som høner og kaniner. ALDRI! Å ta livet av eit levande dyr klarer eg berre ikkje. -Kva skal du servere som meze når du får besøk då? Svigermor syntest visstnok at eg var pysete. Vel, det må bli kaffi og kaker, sa eg. - Nei, det held ikkje, her vil folk ha kjøt. Ok, får finne noko i frysen, då repliserte eg. - Jamen det tek tid å tine. Ei kanin kan du kille på no time og hive rett i steikepanna. - MEN eg skal betru deg noko, sa ho litt oppgitt: - dotter mi klarer heller ikkje å slakte. Då var det at eg drog eit lettesukk. Og ho som er fødd og oppvaksen her, tenkte eg, men sa det ikkje.

 Αρνούμαι/arnome = eg nektar 

Ingen kommentarer: