mandag 31. desember 2018

NYTT ÅR


Siste dagen i året er både for mimring og forventning. Ein minnest sorger og gleder i dette året, og undrast kva nyeåret 2019 vil bringe. Krig og råskap har prega året 2018. Sjølv har eg mista 2 FB-vener, i sjukdom, den eine også nær slektning. Somme veit dei skal døy, andre veit det heldigvis ikkje. Men nye born blir fødde, og slik skal det vere, til evig tid. Arbeidslivet mitt er eit avslutta kapittel. Grannegarden, der eg har gått ut og inn sidan eg kunne flytte føtene, er seld til nye eigarar. Gamle venskap har blitt utviska. Men slik er det, alt har ein ende. Likevel: året har elles vore fredeleg og godt for heile familien. Eg er takksam. Måtte alt godt skje også i nyeåret for oss alle, la vonde og øydeleggande krefter tape - og dei gode vinne. GODT NYTT ÅR 2019!

Ολα εχει τελλος/ola ekei tellos = alt har ein ende

Ingen kommentarer: