fredag 15. februar 2019

EIN SLIK DAG....


..midt i februar, med lun synnavind og 14-15 varme grader, tek det til å klø i hagefingrane. Utvilsomt ein forsmak på vår.
Snøklokkene har lurt seg fram under snøfonnene og står no i full bløming, etter at det kalde vinterteppet forsvann. Krokus og påskeliljer fylgjer hakk i hæl. Deretter går det fort framover. Eine veksten avløyser den andre til stor glede for både menneske og ikkje minst insekta, som vi må verne om framover. Dei er superviktige for både naturen og oss. Såing og planting er nok enno litt tidleg. Snøen kan kome att heilt til april. Dagane lysnar likevel etterkvart og framtidsutsiktene er berre lyse. Fire timar meir lys pr idag kjennest godt for både kropp og sjel.

Μια τετοια μερα/mia tetia mera = ein slik dag

Ingen kommentarer: