søndag 9. desember 2018

ANNAS NAMNDAG



Agia Annas namndag 9. desember er ein viktig dag i den greskortodokse trua. Ag. Anna var jomfru Maria si mor. På ikon er ho gjenkjent med blå kappe. Jomfru Maria i raudt. Anna er soleis eit vektig namn.
For mange år sidan blei eg med mi kretiske familie til ei kirke som var via Ag. Anna. Det var nattverd, slik det ofte er ved religiøse seremoniar der. Eg ville slett ikkje delta. For meg står nattverd som ei svært religiøs og seriøs handling. Eg blei likevel dytta framover i ei lang og tett kø, heilt til eg stod framfor den gullbelagde presten. Han gav meg eit stort brødstykke og eit lite glas vin. Eg takka og neia etter beste evne, og han rette fram ei bleik hand som eg visste blei forventa at eg skulle kysse. Eg ignorerte og gjekk vidare. Det vart ei høglytt mumling frå den geistlege og i køa bak meg. Svigerfar hadde fått med seg seansen, og tok presten for seg etter seremonien. - Høyr her, det var svigerdottter mi du....Eg fekk ikkje med alt, men skjøna at den gullbelagde fekk seg ei verbal overhøvling. Svigerfar min kunne vere ganske bøs når nokon krenka stoltheita og familien hans. Eg var usamd i mykje han hevda, men mannen hadde stor respekt ikring seg.
Svigermor syntest historia var morosam. Ho hadde mykje god humor. - Anna, huska du den gongen du nekta å kysse presten, hihi! Ja, korleis kunne eg gløyme det? Eg nemnde historia for ein ven. - Heilt rett, Anna, ein veit aldri kva desse prestane har tukla med under kjolen, forut.

 Κλισια/klisia = kirke

Ingen kommentarer: