fredag 30. november 2018

EIGEDOMSSKATTEN



For nokre år sidan overtok eg barndomsheimen min og tok dermed opp millionlån for vedlikehald. Bustaden og tomta på 4 mål fekk far min av sin far for nærmare 70 år sidan. Han grov sjølv ut tomta, for hand, teikna sjølv huset og gjorde elles mesteparten av bygginga åleine. Dette blei hans livsverk. Han døydde 65 år gamal.
Å måtte betale ekstra skatt for heimen sin som ein har varme kjensler for, og har arbeidt for, kjennest både vondt og utruleg sårt. For ei tid attende ymta nokre politikarar om at eigedomsskatten skulle senkast, ja tilmed takast bort. Ei gladmelding for mange. Kva høyrer ein so: Jau, den skal AUKAST!!
Eg betalar elles skatten min med glede, men eigedomsskatten som i nyare tid har vorte pålagde huseigarar som har arbeidt og streva for å etablere ein heim for familien, er ein uting.


Ingen kommentarer: