onsdag 21. november 2018

MUS I HUS






 På hausten, når dagane vert kaldare, søkjer mus inni hus. Dette veit vi. Ifjor fekk eg 5 stk i felle. Forrige dagen høyrde eg igjen mistenksame lydar i kjøkenskapet, og oppdaga små brune typiske spor etter mus. Ok, tenkte eg, so er vi igong igjen. Musefelle blei lada med bittesmå ostebetar som åte. Skapet vart sjekka både 2 og 3 gongar utan fangst, men osten var vekk. Irritert lada eg fella for 4. gong, og mumla for meg sjølv: Eg SKAL ta deg...berre vent! Neste gong eg sjekka skapet, låg ho der. Men dyret levde, fanga i halen, og ho kom  seg ikkje laus. Bittesmå, brune kuleauger kika på meg, og liksom bad for livet sitt. Eg fekk vondt og stengde døra fort att. Kva gjer eg no? Hiv eg eit levande lite dyr inni omnselden? Kverkar eg den med ein stein? Skal eg sleppe den fri langt herifrå? Nei etter 2 dagar er den attende anten i mitt eller einkvan annan sitt skap. Slepp katten laus på kreket? Lyserauden, gamlekatten also, hadde neppe lukkast før den lynsnare musa hadde forsvunne. Han har pensjonert seg. Dronninga, ungkatten, var ute på rek igjen. Eg feiga ut – venta til mennene kom heim. Då blei det fortgang i saka. «Ikkje ein gong ei lita mus klarer ein å kverke», skjende gamlemannen. Eg måtte tole den kommentaren, men prøvde spakt å forsvare meg: No har eg eingong vorte konstruert som ein sensitiv og mjukhjarta person. Eg kan ikkje hjelpe for det...slik er det berre..




Ποντικος/pontikos = mus

Ingen kommentarer: