onsdag 21. november 2018

HAUST GÅR MOT VINTER


Haust går mot vinter. Skjønt enkelte dagar stiller overraskande nok med sommartemperaturar. November er vintermånad, og fjelltoppane har vore dekte med nysnø og rimfrosne plenar. Brått snur det, og strie, varmande hauststormar frå sør suser kring husnovene. Det vesle bladgullet i tretoppane fyk avgårde med vinden, og svarte sprikande tre står att. Gras og blomar visnar, legg seg i dvale...Naturen treng også kvild. Poteter, grønsaker og bær er hausta inn. Ein har dyrka og avla litt eigen mat. Ei god kjensle og ein veit kva ein et. Blomsterfrø er lagt til turk på avispapir med tanke på neste års bløming. Pusekatten kroar seg ved omnen og purrar i takt med vedkubbanene som knakar og varmar. Den gamle kamina varmar godt på hustrige dagar og kan ikkje samanliknast med elektriske panelomnar. Godt lesestoff og strikkety er også kjærkomne haustsysler..

καλο χειμονα/kalo kimona = god vinter







Ingen kommentarer: