tirsdag 23. oktober 2018

HAUST ER LESETID


Eg har nettopp lese 2 bøker: I min fars hus/Ingegerd Henriksen og Det kan komme fine dager/ Britt Karin Larsen. Den fyrste var hjarteskjerande vond å lese. Fleire gongar måtte eg legge den frå meg. Denne vesle jenta som var grovt misbrukt av far sin, og dei nærmaste forstod, men ingen tok grep. Diverre finnst overgrep mot små uskuldige born den dag i dag, i alle samfunnslag, og ofte der ein minst trur. Måtte desse overgriparane få eit klarsyn der forstanden vert opna og dei fattar kva grufulle handlingar dei har begått. Og angeren bli livslang. Og måtte borna få all den hjelp og stønad som finnst på denne jord. 
Den andre boka var god å lese, skjønt litt vemodig. Eg møtte meg sjølv, på fleire vis. Alle draumane ein hadde og alt ein skulle oppleve...men so ser ein at det er for seint. Likevel er eg heldig som har utruleg mange opplevingar å mimre over. Ting og tang, jordisk gods har ikkje vore so prioritert for meg...og til sjuande og sist har det ingen verdi heller.

Διαβάζω/diavaså = eg les

Ingen kommentarer: