tirsdag 1. mai 2018

ORSAK!!


Ingen kjem utav dette livet i live..Det er iallfall sikkert. Kva vi gjer utav dette verdslivet er vårt valg. So sei det du likar og mislikar før du reiser herifrå. Det siste er nok mest vanskeleg, fordi slik er ein opplærd til,, og ein vil nødig såre nokon. Ein held derfor kjeft i lengste laget – til bobla sprekk med eit smell, og då seiest kanskje ting som ikkje skulle vore sagt. Heldigvis finnst orda Orsak! Tilgi meg! Og dei fleste av oss «trakkar» feil, vi er tross alt menneske, men då må vi snakkast og klarere opp. Det er likevel svært enkelt å sjå « flisa i sin neste sitt auge, men ikkje bjelken i sitt eige», for å sitere eit bibelord....Men å be om orsaking for andre si urettvise, synest eg er urett..Dei fleste av oss, vil eg tru, ynskjer å forlate jordlivet i fred med våre frendar..resten får Vårherre døme..om Han finnst..

Συγνωμη/Signåmi = Orsak


Ingen kommentarer: