søndag 11. mars 2018

HIMMELSKE TILSTANDAR


Eg har lese nok ei bok av Tove Nilsen. Bøkene hennar er likandes, kanskje fordi ho skriv mykje om Kreta, om ting som ein ikkje ser eller ensar når ein har budd der eitpar-tre tiår. Ho har likevel ein ordflyt, mest som ein vårflaum med krappe fossefall som ein ikkje heilt klarar å fylgje. I «Himmelske tilstander», pendlar ho mellom Norge og Kreta, fortid og notid. Gamle og nye kjærestar. Litt forvirrande og lite interessant for lesar, etter mitt skjøn. At det er viktig å reise vekk frå det daglege, er heilt klart. Å utvide horisonten, sjå kor andre menneske lever, prøve forstå og kanskje teste andre sitt levesett, vert meir og meir viktig framover. Jau, eg anbefalar den!!

Διαβασα ενα βιβλιο/diavasa ena vivlio = eg las ei bok


Ingen kommentarer: