lørdag 7. juli 2018

DET VAR EI TID...


Ein gong for lenge sidan (det kjennest som 100 år) reika eg land og strand rundt i Europa med gode veninner. Som student, med strøjobbar innimellom, hadde vi ikkje flust med pengar, men var nyfikne på livet og kunnskapshungrige på andre folk sin levnad. Vi sov på strender, i sovepose, og tok dagen som den blei. Som oftast vart den god, sidan vi ikkje forventa for mykje. Hellas og Kreta med sine gyldne strender, vart ein favoritt. Vi åt gode måltid på Marias, soling og bading, og når kvelden fall på blei vi freista til dans og leven på einaste discotequet i byen. Fix-øl og måneskinsturar...Ei herleg tid for ein fri ungdom. Men alt har ein ende. Ein får ansvar for born og familie og tenkjer annleis. Som ho sa eine veninna: Eg er glad eg har levd og opplevd. Å ligge på dødsleiet og angre på alt ein burde ha opplevd, må vere både sårt og trist. So sant!!



Nokre år seinare sat eg vel etablert på den øya som «stal hjartet mitt». Eit ordtak seier: den som elskar Kreta, vil ho behalde. Faktisk har eg opplevd det. Øya har ein særskilt magi. Eg vakna til solstrålar over åsen. Bjelleklang og hanegal. Med kaffikoppen i handa ruslar eg over vegen, eller møter nabokona  i grinda i nattserken. Det er heilt greitt. Vi treffest i nattkjortel med sovesveis og det heile, skravlar litt om eitt og hitt, medan vi supar i oss morgonkaffien, før dagen tek til for dei som skal på arbeid ute, og oss som har arbeid i heimen.

ΜΙΑ ΦΟΡΑ/Mia fora = ein gong..



Ingen kommentarer: