søndag 25. februar 2018

ULIKE MEININGAR



Det er fort gjort å hisse på seg motstandarar om ein ytrar si meining i media. Somme er ute for å kverrulere, andre er meir seriøse og kjem med vektige og mektige motstandsdokument. I Norge har vi ytringsfridom, heldigvis. Likevel er det lett å ty til ukvemsord når ein møter motstand. Ja, eg har sjølv gjort det, i frustrasjon! Skal ein so la vere å seie/skrive det ein meinar? Er eg ein kverrulant om eg motseier den som motseier meg, spør eg meg sjølv? Mange brenn inne med meiningar, eller luftar dei muntleg mellom vener som deler same meining. Å «stikke haudet fram for hogg» er noko ein må tole og rekne med ved å ytre utradisjonelle meiningar. Og tek ein feil, er orda «Orsak, Beklagar, Tilgi meg,» også lov å nytte, utan at ein taper ansikt for det...men kvifor skal ein orsake det ein trur på, fordi andre hoverar med sterke og vektige motstandsmeiningar?

διαφορετικες γνωμες/diforetikes gnomes = ulike meiningar

Ingen kommentarer: