lørdag 4. november 2017

GOD OG NYTTIG LESNING


Kvar gong eg les ei god bok, lærer eg noko. Ei enkel setning festar seg og vert setande som ein tankefull lærdom. Eg er nett ferdig med mursteinen til Erica James/lyden av en lerke. Den handlar m.a. om kor viktig det er å lytte til eldre menneske, også på ein sjukeheim. Pleiarar har ofte ikkje tid, eller tek seg ikkje tid, til å snakke og lytte til desse gamle menneska som eigentleg ikkje krev so mykje. Dei er vane med små kår. Det er lett å gløyme at eldre menneske gjer seg klare for utgangen av livet. Den bør derfor bli verdig og fin. Som pleiar på ein sjukeheim og for pårørande er dette viktig å tenke over. Å reise er å lære, seiest det, å lese og samtale, er vel so viktig.


Oι γεροι/ i geri= dei gamle

Ingen kommentarer: