tirsdag 24. oktober 2017

FILOSOFERING

Siste vekene har eg hatt god tid til filosofering og skriving. Det siste er ein hobby og ei stor interesse eg har hatt lenge. Når ein ikkje får sove om natta, men vert liggande å gruble, er penn og papir godt å ha i nærleiken. Ein glaner på sternehimmelen, den veksande månen og ser dagen gry etterkvart. Undringa mi denne gongen er kor forskjellige vi menneske er skapte. Enkelte er berre glade og lyser opp tilværet berre med å vere til stades, trass i at dei har hatt mykje motgong. Andre syter og klagar på alt. Ingenting er bra. Kan det vere gener, oppvekst, miljø? Eg er ingen psykolog, men har «studert» menneske i inn- og utland. Blide og sure menneske finnst overalt. Stort sett, vil eg seie, at folk er venlege, høflege og hjelpsame rundtomkring. Heldigvis. Eit smil kan lyse opp dagen, eit grin og ein sur kommentar, kan gjere det motsatte.

Φιλοσοφία/filosofia = filosofi

Ingen kommentarer: