torsdag 16. november 2017

PRIVILIGERT



Eg anser meg som priviligert fordi eg har fått det beste utav to land. Hellas og Norge. Tida på Kreta var utfordrande og krevjande, men den gav meg også svært mykje nyttig lærdom, gode opplevingar, og ikkje minst: 4 flotte born!! Eg ville aldri ha vore desse åra forutan. Det eg sakna i Hellas, fann eg i moderlandet. System og «orden i sakene». I det andre landet er mykje tilfeldig, men for meg som er ein uhøgtidleg person, veg det sosiale og venlege (filosofimo) mykje opp mot «kjølige» Norge. Vi var ein liten internasjonal vennekrets på Kreta. Mange har flytta, grunna den økonomiske krisa, vorte enkjer eller skilde. Ei fin tid, uansett, der eg vonar og trur at borna våre som har vakse opp i to ulike kulturar, har fått med seg god og viktig lærdom frå begge land. Då tenkjer eg: «So levde ein ikkje forgjeves..» (inspirert av Arnulf Øverland/du må ikke sove). Vi er alle menneske på godt og vondt, men må ikkje gløyme kva som stod i same diktet: Du må ikke tåle så inderlig vel den urett som ikke rammer dig selv! Mange av oss tykkjest å ha gløymt akkurat det, i dagens velstands-Norge....



προνομιακή/pronomiaki = priviligert

Ingen kommentarer: