tirsdag 24. oktober 2017

GODE EVNER

Kor mange gode evner har ikkje blitt nytta men gått tapt gjennom åra? Årsakene er fleire: mobbing, manglande hjelp, sjenanse, autoritære leiarar i skule og diverse omsutsgrupper som «mol si eiga kake» og andre som trengde seg framom. Alle har noko dei likar. Alle kan utvikle si særskilde evne, men somme treng meir hjelp enn andre. Det forventast at alle skal passe inn i eit sokalla «rettvist» samfunn. Dei som ikkje passar inn...vel vi har sett korleis det kan gå..med somme. Andre fell inn i eit arbeid dei eigentleg ikkje likar eller høver til. Ja, for ein må då jobbe! Det er skambelagt å vere samfunnet til byrdes og ikkje arbeide. Då snakkast det om å utnytte systemet, og dei som betalar skatt. Ikkje kjekt. Å ivareta ungdomane våre, er utruleg viktig. Dei er framtida. Dei er flinke og lærevillige. Det har eg sjølv observert...


νεαροί/neari = ungdom

Ingen kommentarer: