lørdag 31. desember 2016

PUSEJUL

Om vi ikkje akkurat blei forviste til naustbjelkane denne jula, var det neimen ikkje langt unna. Julefeiring på vedhusloftet er vel mest det same, vil eg tru. Gardsfolket stikk av, hiv i oss ein sekk med turrfor og nokre dåsar med hundemat. Hundepateen er forsovidt ganske god, sant å seie. Men den vekkskjemde bissevoven et vel endå betre, der han set i jula. På hotell, næmleg. Jamen forskjel på dyr. Dronninga og eg skal no vel stå over høgtida trass i kulde og storm. Heldigvis har pelsen min grodd ut att. Yngste matmor skrella av meg gamalt skite skinn, i sommar. Naken mest inntil beingrenda var eg. Såg ikkje ut. Sånn sett har eg yngst opp att no, men dei gamle gledene er meg fråtekne. Bjellene mine er strypte. Snurpa saman av ein spesialist i lokalområdet. Dronninga er også fråteken all lyst, endå so ung ho er. Vi berre et og søv, drøymer og fantaserar om lekre julemus. Skjønt alle mus i mils omkrets er oppetne forlengst. Heller ingen Dum pap eller ei smellfeit meis let seg forville inn på tunet. Matmor har ikkje hengt opp kornband som lokkemiddel eingong. Nei, ei sorgens jul å melde iår. Med von om eit langt betre nyår til folk og dyr.                                                                           
                                                Beste helsing Eirik Lyseraude                     
(med påhalden pote)


Χριστούγεννα για γάτες /
kristougjenna ja gates =
kattejul


Ingen kommentarer: