søndag 1. januar 2017

ÅRSSTATUS

Året er straks omme. Det har vore godt på mange vis heilt fram til 24. november. Eit tragisk dødsfall i nær familie gav sjokk- og ringverknadar som vil sete lenge i. For dei nærmaste, for alltid.
Vi aksepterar på eit vis at våre eldre reiser utav verda, men når ungdomar som skulle leve eit heilt liv, vert rivne vekk, vert det vanskeleg å skjøne. «Ingen sporv fell til jorda...er eit gudsord til trøyst for dei truande. Og kanskje er det slik. Alt har ei meining, seiest det, men vi skjønar det ikkje før seinare, eller kanskje fyrst på den ytterste dag. At vi skal stoppe opp og lære av uventa og vonde opplevingar, trur eg på, om vi prøvar, og ikkje ignorerar. Nyårsynsket for 2017 er ikkje nytt, men det same kvart år, ikkje berre for meg men for mange: fred, helse, glede og KJÆRLEIK..

ευχές για τον καινούργιο χρόνο/
efches ja tov kenorugio krono = nyårsynskje

Ingen kommentarer: