fredag 20. mai 2016

SISTE FUGLEUNGEN

.
...har floge utav reiret. Mor set att med blanda kjensler. Godt at dei alle har lært å «flyge». Bryne seg på livet må dei åleine før eller seinare. Det dei lærte i «reiret» vil vonleg gje god ballast, på godt og vondt, vidare. Likefullt sveiper ei vemodig lukkekjensle over meg. Ei epoke er definitivt slutt. Borna er til låns ei tid, vi eig dei ikkje, men dei vil for evig og alltid stå vårt hjarte nærmast. Dei skal føre framtida vidare, vonleg mot noko endå betre..


ΤΑ ΠΑΙΔΙΑ ΜΑΣ/TA PAIDIA MAS = borna våre

Ingen kommentarer: