Sol står opp og sol går ned. Dagar går og vert til år. Eit år i einevere har passert. Det har gått fint...Ja kvifor skulle det ikkje det, forresten? Heldige meg som lever i eit fritt land, der likestilling og ytringsfridom rår. Helsa har eg enno og kan fungere i eit verdifyllt og stabilt arbeid. Året gav meg mykje glede. Største høgdepunkta gav borna meg. "So levde eg ikkje forgjeves", kan eg vitse i godt lag. Ja for eg vonar at nokre av dei gode verdiane eg fekk innprenta, skjønt eg forstod det ikkje før i vaksen alder, kan bli vidareført i åra som kjem og generasjonane etter meg...Godt nytt, fredens år til dykk alle.
Ελεύθερες χώρες/elefteres xores = frie land
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar